Første helgen i august
Siste Nyheter

Siste Nyheter

Følg oss på Fjesbok

INGER LISE STULIEN

Song og tradisjon er sentralt i Inger Lise sitt liv. Ho skapar nærleik og kjærleik i songane ved å syngje på dialekt og nynorsk, målforma som ligg hennar hjarte nerast. No er ho klar med sitt nye album denne våren, det sjette soloalbumet i rekkja. Denne gongen ei duettplate der ho har invitert med seg mange duettpartnarar frå artist Noreg.

Ho skriv dei aller fleste tekstene sjølv. Melodiane er komponerte av Inger Lise og hennar faste gitarist gjennom 15 år, Knut Kjetil Møen. Det musikalske landskapet til Inger Lise ligg i folkevise-pop-sjangaren, med innslag av country, roots og folkemusikk.

Inger Lise let seg inspirera av årstidene. Det kjem tydeleg fram i tekstene ho skriv. Fleire av tekstene har sitt utspring frå eige levd liv. Medan andre tekster baserer seg på erfaringar som vener og kjende deler med henne, historiar frå kvardagen som gir inntrykk. Songane spenner frå å vere lettstemte og glade til melankolske, vakre kjærleikssongar. For andre av låtene er tema sorg, sakn, og vemod. Både tekster og melodiar har ei varm undertone der takksemd og gleda står sentralt. Songane speglar såvel dei gode som dei såre kontrastane vi kan kjenne på. Blant duettpartnarane på utgjevinga kan det nemnast bl.a Åserals eigen Tonje Haugland, Sondre Bratland, Fjellfolk, Thom Hell, Trygve Skaug, Stein Roger Sordal, Kirsten Bråten Berg, Kim Andre Rysstad, Olav Stedje m-fl.. Produksjonen er innspelt i Kongshavn Studio, med Bjørn Ole Rasch som produsent.

Inger Lise Stulien er i frå bygda Byremo i Audnedal kommune, Vest Agder fylke, men no busett i nedre Setesdal. Inger Lise har fått «Målblomen» av Noregs Mållag, for hennar formidling av den nynorske songkulturen. Songen har alltid vore ein viktig del av hennar liv. Fyrste gong ho song på Sørlandssendinga var ho berre fire år gamal. Ho er yngst av ein syskenflokk på åtte, der far hennar spelte trekkspel og ho og syskena var med rundt og underheldt med han på ulike tilstelningar opp igjennom barndom og oppvekst. Far hennar, Arthur Stulien, gjer ein trekkspelsolo på ein song ho har skrive som ein hyllest til hennar gode barndom. Dette vart han sin siste trekkspelsolo som han rakk å spele inn like før han døde, 91 år gamal. Alle dei åtte syskena er med og syng på denne songen: «Minnebok» som snart kjem ut som musikkvideo.
Musikken har følgd henne heile livet. Ho er utdanna lærar og nyttar musikken aktivt i undervisninga, og har setta opp fleire musikalar med elevane. Ho gjer mykje konsertar særleg rundt på Sørlandet, men har og hatt konsertar på Svalbard og i Kirkenes med kyrkjekonsertar, samt opptrådd på norsk høstfestival i Minot, Nord Dakota. Tidleg ungdomstid var ho med sine eldre sysken og opptrådde saman med dei i danseband. Ho har turnert med Jan Engervik med viser av Taube og Theodorakis, og gjort ei innspeling saman med Alexander Rybak på fele. Stulien gjorde og ein duett saman med Bobby Bare under Breim countrytreff på hovudscenen der nokre år tilbake, for å nemne noko.
Duettplata er sjette soloalbum utgjeve på plateselskap, men ho har i tillegg fleire utgjevingar bak seg frå eigne distribueringar. Ho har oppnådd både A- og B listing av tidlegare songar på NRK P1. Ho har fått terningkast fem av fleire riksdekkjande aviser for plata ”Heim te jol”, utgjeve i 2011. Inger Lise opptredde på God Morgen Norge, TV2, i høve lanseringa av joleplata, og har laga tradisjonsrike musikkvideoar til fleire av låtene.

No ser ho fram til å kome ut med nytt album og ut å gjere mange konsertar i året som kjem.

  • Våre støttespillere & samarbeidspartnere

    Generalsponsor:

    Hovedsponsorer:

    Støttespillere: