Eikerapen Roots Festival
Første helgen i august
Siste Nyheter
Følg oss på Fjesbok

FESTIVALHELSING FRÅ ORDFØRAR

15 år går fort når vi ser attende. I kraftkommunen Åseral seier vi ofte; mykje vatn har runne i havet sidan sist. Sjølv i turråret 2018 hugsar vi at dei siste 15 åra har vore rike på nedbør. ERF har ofte fått ei byge eller to, og kanskje endå verre dårlege vermeldingar siste veka før festivalen. Festival er ferskvare, og då passer det best med stabilt godt augustver …. med sikker vermelding!
No skal eg ikkje i denne helsinga «rett før» prøve å gå Gislefoss i næringa. Likevel veit de som kvart år står på at ulagleg ver kan øydeleggje meir enn det smakar.
I år satser vi på godt ver og rett temperatur! Sola har varma oss gjennom heile sommaren, og då bør utgangspunktet vere til stades for at vi er i godt humør og klare til gode opplevingar saman!
Idealisme og pågangsmot er grunnen til at ERF blir arrangert for 15 gong. Samstundes er det mange eldsjeler som gjer alt de kan for å få til ein levedyktig festival i Indre Agder. Det treff ordføraren i Åseral, og hans lille bidrag blir å ta ei fredagsvakt med mellom anna Adam Douglas i bakgrunnen. Eg skal gjere mitt til god stemning og ei god festivaloppleving – men veit veldig godt at alle de frivillige som jobbar gjennom året framleis er dei som dreg festivalen vidare. De har ikkje slutta med å imponere! Lukke til i innspurten og med festivalen !

Beste helsing
Oddmund Ljosland
Ordførar