Første helgen i august
Siste Nyheter
Følg oss på Fjesbok

For første gang ønsker Eikerapen Roots Festival Byting Velkommen, vi gleder oss :-)


Byting er eit band frå Telemark som blei starta opp i mars 2013, og har etter den tid opparbeidd seg ei stor fanskare rundt om i det ganske land.
Bandet spelar musikk i ein særeigen sjanger som kanskje minnar aller mest om Folk-Rock eller Country-Rock.
Alle låtane handlar om livets realitetar på godt og vondt. All musikk og tekst er sjølvlaga, basera på ekta, sjølvopplevde eller gjenfortalde historier, og blir sunge på klingande bøheringdialekt, akkompagnert av kraftig el-gitar og urnorsk hardingfele – noko som i seg sjølv er ein sjeldan kombinasjon og slik set eit heilt eige stempel på musikken.

Byting består av:
Thomas Hellekås (vokal/gitar)
Terje Schrøder (gitar/fele)
Stian Dalen (gitar)
Syver Fossen (bass)
Geir Ormøy (trommer)

Om namnet ”Byting”
I gamle dagar trudde folk at om du fekk ein unge med psykiske forstyrringar eller andre sinnslidingar eller lyter så var det huldrefolket som hadde bytta ut den ekte ungen med sin eigen. Altså ein bytting, som det heiter på bokmål – eller byting som me seier i Telemark og i andre dialektar.
I dag blir uttrykket ofte bruka om ein person som kan vera noko utagerande, skruppellaus og vill.