Alt anna enn rotlaus

Det er ikkje utan ærefrykt me tok på oss oppgåva med å beskrive ei soge som byrjer heile ti år før me skal fortelje ho. Eikerapen Roots Festival er ein festival som dei fleste med meir enn ein fot i festivalverda kjenner til frå før. Ei dugnadsmølje av rang, kor alt frå kommune til næringsliv bretter opp armane. Styreleiar Rune, festivalsjef Glenn og gjengen, smell saman nokre scenar, byr på seg sjølve og inviterer til godt lag med sekstusen publikummarar.
Hjem » RootsNews » Alt anna enn rotlaus

Tekst: Fredrik Sele
Foto: Hans Edward Hammonds

Noreg har fleire festivalar enn det er fysisk mogleg å få med seg. Kvert fylke hevdar å ha 365 festivaldagar i året. Fins det eit nes, ei historie eller ein skråning, så vil det på eit eller anna tidspunkt arrangerast festival der. Eikerapen er i følgje wikipedia heimstad for sju folk og ein hund. Om ikkje festivaldagane fyller heile året, så er Eikerapen Roots Festival noko å skrive heim om dei resterande 361. Berre for å toppe det heile skipar dei heile festivalen langt opp i fjellet for ei konsertoppleving dei fleste arrangørar kan sjå langt etter.

Det er ikkje utan ærefrykt me tok på oss oppgåva med å beskrive ei soge som byrjer heile ti år før me skal fortelje ho. Eikerapen Roots Festival er ein festival som dei fleste med meir enn ein fot i festivalverda kjenner til frå før. Ei dugnadsmølje av rang, kor alt frå kommune til næringsliv bretter opp armane. Styreleiar Rune, festivalsjef Glenn og gjengen, smell saman nokre scenar, byr på seg sjølve og inviterer til godt lag med sekstusen publikummarar.

Jungeltelegrafen og kjentfolk har forlengst gitt bod om demning og konsert. Fleire har
hevda at den heftigste scena nord for Gibraltar vart bygd av åsdøler for seksti år sidan.
Etter  ca. ti år i festival- og musikkverda har me sett mykje rart, men ingenting kunne
førebu oss på kva som venta i andre enden av ei åtte kilometer lang bussreise inn i
høgfjellet. Alikevel, me hadde bange anelsar då Anne Siv, etterkommar etter damfolket i
fjellet, song det me oppfatta som eit stev frå sjølvaste damfedrene i bussen få minutt etter avreise. Så serverte dei Åseralsukker. Ein lokal tradisjonsrik matrett som kommunen i følgje myta sjølv reiser til Danmark for å produsere kvert år. Den syngande guiden gav og gilde innblikk i korleis ståda var for gutane som bar betong og stål med berre nevane. Lite ante dei at nokre seksti år seinare skulle ein kunne oppleve utrulege konsertar under dammen.

I kveld var det The Scandinavian Pink Floyd Project som serverte opplevinga. Etter ein tur over dammen fann me ut at det var tryggast på jorda. Ikkje tryggare enn at me kort tid klatra kjipaste vegen  opp motsatt topp for å få tatt dei finaste biletene der ingen pressefotograf ville satt føtene sine. Underteikna blei med for å sjå dugandes ut. Trur du ikkje me fekk eit par fine blinkskot der frå! Det var ein klatretur som på det verste grensa til klatring utan sikring, men på toppen vart me tekne i mot av nokre gutar og jenter som hadde traska ein og ein halv time frå nabokommuna over heia for å sjå konserten. Dei bydde oss på det eine og det andre, ikkje ulikt dei fleste me har råka innom sidan den tvilsomme turen frå oljehovedstaden og opp til Åseral Kommune.

Det er ikkje kver dag eg ser ein ordførar opnar noko så flott som ei scene kor grunntonane er sann idealisme, dugnad og musikkentusiasme. Det er heller ikkje kver dag at ein ordførar høstar applaus og latter frå eit festlig lag. Ordførar Oddmund Ljosland(SP) var ei verdig og høgstemt opning, som ikkje bar preg av korkje ordførar eller slike klamme formalitetar me er vane med frå heimbygda vår. Me gledar oss til dagen me kan skilte med at ordføraren har varma opp for oss ved å lese Olav H. Hauge.

Bland kåbbåihattar og allværsjakkar opplevde me noko av det heftigaste me etter ti
år i festival og konsertverda har opplevd. 620 meter over havet inn i fjellheimen, med
eit lysshow dei færraste band diskar opp med, blei me bergtatt. Underteikna har siste
månaden sett meir enn ett Pink Floyd tributeband, og var lettare skeptisk, men han hevda det var storslagent. Samme guten i følgjet vårt hevdar hardnakka at han kvar sumar blir forelska i ein ny stad. I fjor var det Festidalen (Uskedal i Kvinnherad), i år er det Eikerapen i Åseral til ljoden av The Dark Side of The Moon.

Det er fysste dagen og inntrykka er fleire enn nemnast kan. Det å kome til ein slik stad,
kor til og med regnet med sørlandsk sinnelag, høveleg begrenser seg til yr når folk skal
utsettje seg for høgfjellet, er nok til å smelte det meste. Etter dammen kan me ikkje anna
enn glede oss til tre dagar på festivalen.

No er dag ein snart over og Olav Larsen & The Alabama Rodeo Stars rundar av kvelden i låven, kor det ristar godt i dansefoten. Me skal være her gjennom det heile og preike med kvarmannsen, artistar med hjarte for Eikerapen og ildsjeler som er med å gjere det heile mogleg.

Skulle ein råke på eit par gutar med kamera og noko som liknar på journalistikk under festivalen, og ein har noko på hjarte, oppmoder me dykk til å huke tak i oss, slik at de kan være med å settje preg på kva det enn no er me ender opp med etter strabasane her oppe på det som fort kan vise seg å være den triveligaste staden i verda nett no.

Ti år er lang tid, og dei færraste musikkfestivalane i dette vidstrakte landet kan skilte med ei slik levetid. Me kan ikkje gjere anna enn å gratulere Eikerapen Roots Festival med ti gode og legendariske år, og håpar at me får være med dei ti neste.

Godt tiårsjubileum alle dykk der ute, me gleder oss til resten.