Rune på tiårsdagen!

Hjem » RootsNews » Rune på tiårsdagen!

Tekst: Fredrik Sele

Foto: Erik Furulund

Det er ikkje fysste gang at me sitt på terrassen oppe på Camp Rune. gud bedre kor opne
dørene er her. Me tar oss nok ein prat midt oppi det heile for å stadfeste korleis ståda er
og kva han tenkjer om dei siste ti åra, og ikkje minst tjuefemårsjubileum. Det er siste
festivaldag, forutan konsert i kyrkja på søndag. Festivalen sin drevne styreleiar gir oss ei lita statusoppdatering på framtida.

-Eg sluttar aldri med dette. Det er jo eit høgdepunkt i livet. Vi planlegg det heile året,
men halve ferien er jo festival for min del. Det slutter ikkje med dette. Ti år går fort, det
er berre ti år til tjueårsjubileet.

Han trur at for å overleve som festival må lage meir enn berre musikk. Ein må være
nøktern på bookinga og sørge for at rammene er tilstades for at alle skal ha ei god
oppleving.

-Eg gleder meg til tjuefemårsjubileet seier han.  Det byrja med fetteren hans, Tor Åge Bjelland Eikerapen, for ti år sidan. Han spurde om det hadde vore aktuelt med ein festival her oppe.

-Eg er jo evig optimist, så vi laga eit godt og lokalt styre. Sidan har be merre stått på for å bygge ein solid og profesjonell organisasjon. Eg trur me kan kalle dette ein suksess. Det er mykje godt å sjå både på graset og i glaset men det beste hevdar Rune er at strukturane er basert på eit viktig og grunnleggande premiss:

– Velkommen, her skal vi kose oss, men og gjere det i heile systemet samstundes som ein
gjer alt me kan for å være på det beste.

Det er tydeleg at han og dei firehundre andre i staben tek dette på ramme alvor.
Eigentleg bur det berre seks stykk i Eikerapen, så med staben på firehundre på besøk blir det jo mykje gøy.

Han seier det at om ein ikkje har vore her, lyt ein berre dra opp og prøve det. Ein vil
komme igjen, slik publikum gjer kvert einaste år. Om ti år skal Eikerapen Roots være ein solid og profesjonell festival, med samme gode stemninga, folket. Det er viktig å halde på røtene, men ein skal ikkje vekse seg inn for stor for seg sjølv, det er nemlig her ein av hemmelighetane bak festivalsuksess ligg seier Rune, ein må ikkje vekse seg for stor.