Tekst: Fredrik Sele
Foto: Erik Furulund
Tre dagar på veg, og det heile er på sett og vis over. Frykt ikkje, det er meir kake igjen. I kyrkja i morgo smell Eikerapen Roots av det siste kruttet med gospel, som vistnok er siste skrik i Paris denne hausten. Frykt ikkje meir, for det byrjer ikkje før 15:30, litt utanfor gudstenestane sine opningstider.
Det lakkar og lir, me har sett mykje bra her. Det er ikkje alt som egnar seg på trykk, men det skal nemnast at det har vore stunder kor ord ikkje strekk til.
Mennesker på festival er eit artig fenomen. Løysningsorientering har alltid vore eit nøkkelord i festivalane eg ikkje kan anna enn å like. Det vakraste eg fant var ein do.
Det som rykter seier er Noreg sitt finaste “festivaltoalett”. Det å møtast på Mitten kan bety så mykje, men å oppleve ein unisexdo utan for allfarsveg er ikkje noko alle kan skryta på seg. Eg har sett det på Blitz, og metrofile kaffibarar, men ikkje på ein pub og ikkje på ein festival. Me freista fotografere det, men det viser seg at det ikkje berre er lite populært å ta bilete inne på ein do, men og straffbart.
Høgdepunkta har vore så mange at det ikkje let seg skildre over to skarve sider, men det som lyfta gårsdagens synder frå panna mi, var Mhoo i Låven. Kvinnelege gitaristar som tok meg rett ut frå festivalen og inn i ein westernfilm. Eg vandra ut igjen ein smule hjulbeint, og undra meg om ikkje det var ein saloon i nærleiken. Eg innsåg at det var Låven, så eg vandra inn igjen. Ein eller annan hadde gitt meg ein neve dollars i form av ein liten raud lapp som eg veksla inn hjå bartenderen. Eg heva blikket og møtte blikket til ein elg. Eg undra meg om han hadde løyst billett, eller om han hadde sneke seg inn.
Fotografen grip tak i meg og drar meg tilbake til Eikerapen. Me slentrar ut i sola igjen, og tar turen oppom pressekontoret. Der får me besøk av Asbjørn Olavesen, ein fin og trivelig kar som på tross av at han sitt i ein elektrisk rullestol har tatt turen til den brattaste festivalen i Noreg. Han fortel oss at denne festivalen er ein stad som ikkje ekskluderer nokon uansett kva som skal til for at ein kan være med i det gode laget (og då har Asbjørn ein million flate festivalar å velge millom). Me satt stor pris på visitten, og lærte at ein elektrisk rullestol kan kjøyre rundt 3 mil på full batteribank. Ikkje mindre enn imponerande. Sa eg at han kjøyrde opp sjølv frå kraftstasjonen? Det er berre å bøye seg i støvet.
Etter kald kaffi og liknande fekk me beskjed om at me hadde fått audiens hos kongen av norsk grubling. Me blei invitert til turistsenteret og fann ein rusten mann som venta på to festivalslitne gutar med kaffi og djup forståing. Ein god halvtimes pause med Paus kor me preika om alt frå lysta til å bosette seg i regionen, festivalsommaren hans og tida i Elverum, gav me han tre ynskjer. Han ynskja seg at me skulle sleppe dei papirlause ungane inn, at me skulle avvikle fattigdomen i landet, og at biblioteka måtte rustast opp. Me var skjønt samde om at me treng meir grubling over heile linja.
Så tok me turen ut på kjøkkenet og tok eit skift i oppvasken. Paus var særs nøgd då det viste seg at personalet var entusiastar, og det blei bilete, smil og klemmar på alle.
Intervjuet kjem seinare i tiårsjubiluemsboka i pdf, som i etterkant av festivalen dukkar opp på nettsidene våre.
Kvelden sprang avgårde. Paus gjorde ein kanonjobb frå scena, og me sprang som galne laupestrengar mellom konsertane for å sjå på ting. Det skal nemnast at for underteikna er det som å stå millom barken og veden. Eg likar konsertar, dei består av to konstituentar. Publikum og bandet. Dei to delane er gjensidig avhengige av kverandre, og dei kjempar om merksemda. Det blir ofte til at eg freistar skrive om båe to. Eg likar folk. Nyare forskning har vist at på Eikerapen er det folk både forran, på og bak scena. Då hevar ein gjerne blikket og freistar fange det heile og ikkje henge seg for mykje opp i ljoden som siv ut or anlegget.
Det lakkar mot kveld og CC Cowboys entra scena. Eg veit ikkje kven det var som trong ei skulder og eit lyft på vegen ned til hovedscena, men me håpar at foten er betre og at det ordna seg. Eit ekstatisk publikum møtte oss, og basert på tida det tok for fotografen å komme seg fram til fotograva så har det tydelegvis vore ei oppleving. Midt i kaoset fant me eit kjærestepar som blei fanga av blitsen. Me gjorde det ikkje med vilje, men det var så essensielt for kva ein festival faktisk handlar om. Om eg kunne vore Petter Smart skulle eg gjerne laga ei maskin som kunne måle følelsane som finns inne i alle dei tusenvis av folka som står klynga saman forran ein større scene. Me feirar noko ingen er heilt klar over kva det er, men eg freistar forklare det som ei heilskapeleg feiring av at me er her, og at ein er saman. Me spleisar via billetten for å hente inn kjende og ukjende artistar for å kaste glans og behag over det heile. Eg trur at festivalen sin renessanse i Noreg dei siste ti åra har mykje større påverknad enn me kan ane. Det er ei unntakstilstand kor me smeltar litt saman.
Eg har glidd gjennom eit godt knippe festivalar siste ti åra, og det er ein million ganger tryggare enn ein vanleg bytur. Eg har ikkje vore i slosskamp her, og såvidt eg har sett var det ikkje andre som var det heller. Når nokre tusen mann samlar seg på byen ender det ofte med knall og fall, her har eg berre sett enkelte krangle lett med asfalten på veg opp bakken. Det hender at asfalten hoppar opp og bit folk i hovudet, men det er då ein gang slik at det alltid vil være litt friksjon mellom folk og asfalt på festival.
Hey Tonight svinga Låven godt, og me avslutta dagen med å sjå festivalsjefen sjølv på scena med 4 Weel Dryve. Han såg godt ut, smilte og hadde nokre moves som tyda på at han var nøgd med festivalen.
Me kan ikkje gjere anna enn å samtykke. Eit tiårsjubileum krevjer innsats på alle nivå, då må og festivalsjefen ut på scena. Det passar så inderleg godt. No er det berre for eit knippe sterke gutar og jenter å brette opp armane og rigge ned stasen, men fysst skal me ein tur til Camp Rune for å samle inn dei siste inntrykka i sekken før me vender nasa mot vestlandet igjen, men slapp av, vegen går via Åseral Kyrkje og Hank W. Rodgersons Gospel Experience i morgo. Kven veit, kanskje me kan få litt kaffi når me fysst er innom.
Me gleder oss til tjueårsjubileum!
Takk for no, med helsing
Hans, Erik & Fredrik