KARDANG er eit rock ‘n’ roll-band frå det blide Sørland. Blant bedehus og illegale bingolokaler har karane i KARDANG fått sin oppvekst. Stjernepose med KISS-kort, Walkman og «Ti i skuddet» innspelt på kassett! Altså, HEIL VED og rock ‘n’ roll! Gutane har erfaring frå band som Playboys, Panhead, Emathea, Heatseekers, Nobodies, Guardians Of Time etc. Med andre ord solid sceneerfaring og eitt felles mål; ENTERTAINMENT!
Debutalbumet «We Ain’t Dead Yet» kjem i mai 22, og fleire singlar er ute på streaming allereie.
Er du fan av rock ‘n’ roll med fengende melodiar, eller generelt interessert i fest, leven og tappekran…..YOU KNOW WHERE TO GO!
ME TALAST!

Standardbilde
Ingvald Ingebretsen
Artikler: 23